Sjekk flaggstuntet i Oldedalen!

Førebuinger i Møklistovene. Frå venstre: Dag Asle Mykløen, Stig Daniel Mykløen og Lillian Mykløen.  Foto: Dag Indrebø

Nyhende

Oldedølene er eit folk som lever mellom høge fjell, og det har nok resultert i at dei også har ein hang til å pynte høgt til fjells når det er noko som skal markerast. Høgalmen-grana er viden kjend, der ho lyser opp i vintermørkret, og i år såg eit nytt prosjekt dagens lys:

Flagglenkja i Sætrehammaren.

Testopphenging på Møklituna. Hunden Boble er begeistra.  Foto: Dag Indrebø

Etter hektisk og grundig førebuing klatra tre unge menn, Dag Asle Mykløen, Stig Daniel Mykløen og Tore Høgalmen, til fjells og pynta Sætrehammaren på Høgalmesætrene. Og midt i flagglenkja: Det gamle Utåneflagget, som vaia i vinden også 8. mai 1945!


Sætrehammeren på Høgalmesætrene stivpynta.  Foto: Dag Indrebø