Sven Flo heldt talen ved minnesmerket over dei falne

Major Sven Flo ved minnebautaen på kyrkjegarden ved Oppstryn kyrkje.  

Nyhende

Major Sven Flo, offiser i Cyberforsvaret, heldt 17. mai tale og la ned blomar ved minnesmerket for dei frå Oppstryn som fall under 2. verdskrigen.

Talen inneheldt både historisk oppsummering og tankar omkring dagen i dag, ville vi gjort det same som dei gjorde den gongen?

Han tok også spesielt føre seg krigsveteranane, som så mange år vart forsømte av samfunnet, og veteranane frå FN-teneste og andre verdsomspennande, fredsbevarande styrkar.

- I ein fredeleg plett på jorda har det norske folk ikkje teke inn over seg kva bør og oppofring den enkelte soldat har hatt, sa Flo.