Randabygda:

– 17. mai kom i skuggen av 8. mai fredsvåren 1945

«-vare Kongen og hans hus», måtte strykast frå kyrkjebøna under krigen, men ikkje i Randabygda. Der hadde ikkje tyskarane ein einaste ven, visste presten.

Mange minne: Mona og Matias Skrede kan sjå tilbake på mange 17. mai feiringar i Randabygda. Årets 17. maifeiring var den første sidan 2. verdskrig utan tog og skikkeleg feiring.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Få stader i landet våga presten å bruke den rette kyrkjebøna under krigen, men i Randabygda kjende sokneprest Sigurd Roe seg trygg, minnest Mona Skrede. Ho var åtte år då 2. verdskrig braut ut. Mannen Matias, var tre år eldre.