Lastebilsjåfør i 70-åra mista lappen

Nyhende

Ein lastebilsjåfør i 70-åra vart fråteken førarkortet etter å ha køyrd i 76 km/t i 50-sona i Innvik måndag føremiddag. Det opplyser UP. Mannen er heimehøyrande i Rogaland.

Det vart i tillegg skrive ut ni forenkla førelegg for fart, der høgste fart var 73 km/t. Ein bilførar fekk forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon.