Hornindal og Markane Skyttarlag:

Søkjer kulturmidlar til oppussing

Hornindal og Markane Skyttarlag har søkt Volda kommune om kulturmidlar til oppgradering av lokala sine.

Lokala ved skytebana på Sindre treng oppgradering. No har skyttarlaget søkt kommunen om kulturmidlar   Foto: Arkivfoto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Skyttarlaget viser til at huset på Sindre i Markane ligg i eit flott parkområde, og er mykje nytta m.a. til fleire årlege skyttarstemne, 17. mai feiring, bursdagar og diverse samlingar for både unge og eldre, samt ein løpande avtale med Heimevernet og politiet om bruk av anlegget.