LEIAR:

17. mai vart ein sigersgang i kreative løysingar

Olden Hornmusikk køyrde i buss og spelte for bygdefolket.  Foto: Thomas Thaule

17. mai vart ein sigersgang av kreative løysingar både lokalt og nasjonalt

Nyhende

Når standardløysingane ikkje let seg gjennomføre, er det tid for å vere kreative. Det har vi sett gjennom heile koronapandemien. 17. mai vart ein sigersgang av kreative løysingar både lokalt og nasjonalt. I Indre Nordfjord bidrog snøveret til å gjere dagen ekstra spesiell, sjølv om snø neppe var det folk hadde ønskt seg. Når det likevel vart slik, tok trakkemannskap ansvar, pynta trakkemaskinene med flagg og køyrde ferske skispor. Historisk!