Fritt behandlingsval blir oppheva fram til nyttår

Tysdag gjer Stortinget om ni koronaforskrifter til mellombelse lover. Ei av dei er å fjerne retten til fritt sjukehusval fram til årsskiftet.

Førde Sentralsjukehus (illustrasjonsbilde).  Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)

Nyhende

Tysdag blir regjeringsforslaget om mellombelse endringar i helseberedskapslova dunka igjennom i Stortinget. Bakteppet er koronasituasjonen og behovet for unntak frå gjeldande regelverk.

Sidan sjukehusa må ha beredskap for å kunne handtere mange koronasmitta pasientar, blir retten til fritt behandlingsval fjerna fram til 1. januar 2021. Med unntak av Framstegspartiet stiller alle partia seg bak dette.

I tillegg blir det gjort mellombelse endringar i mellom anna opplæringslova, i regelverket for barnevernet, utlendingslova, straffegjennomføringslova og plan- og bygningslova.

Regelendringane har fram til no vore heimla i forskrifter innunder den mykje omtala koronalova. Men sidan koronalova blir oppheva 27. mai, må Stortinget vedta dei mellombelse lovendringane for at tiltaka skal kunne vidareførast.

(©NPK)