Lause boltar og utslite dekk

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen hadde tungbilkontroll ved Kjøs bru måndag.

To sjåførar fekk mangellapp då tilhengarane hadde lause boltar i svingkransen. Ein førar måtte smørje svingskiva før vidare køyring, ein førar måtte rydde i frontruta, og ein førar fekk gebyr for eitt utslite dekk, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.

I alt vart 27 køyretøy kontrollerte.