Jaktar bestefaren sin bil frå Rallye Monte Carlo

– Nokon som veit noko?

Jon Brodwall, busett i Oslo, har teke kontakt med Fjordingen i håp om at lesarane av lokalavisa kan hjelpe han å løyse ei heilt spesiell biljakt.

1988: Dette biletet er frå ei sak i Fjordingen i 1988, som tok føre seg historia om distriktslege Freihow og deltakinga i Rallye Monte Carlo. På fotoet ser vi Kolbjørn Sandvik med bilen som distriktslegen nytta i løpet i 1932. Ein Ford Essex 1930-modell, Super Six. Sandvik overtok bilen etter distriktslegen, som han var sjåfør for. 

Nyhende

Brodwall er barnebarn av Birger Wexelsen-Freihow, som var lege i Innvik legedistrikt i perioden 1925 til 1946. Distriktet bestod av kommunane Innvik, Stryn og Hornindal. For å setje det inn i eit historisk perspektiv var det Freihow som organiserte redningsarbeidet i samband med Lodalsulukka i 1936.