Fleire tilsette i skulen blir rekna som samfunnsviktig personell

Alle tilsette og leiarar i barnehage, grunnskule og i vidaregåande skule blir no rekna som nøkkelpersonell i verksemder med kritisk samfunnsfunksjon.

Olden skule (illustrasjon).  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Tidlegare har tilsette i barnehage og lærarar i 1. til 4. klasse vore rekna som samfunnsviktig personell. No er dette altså utvida til å gjelde alle andre tilsette i grunnskule og vidaregåande skule, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Dei siste månadene har vist oss kor viktig tilsette i sektoren vår er for å handtere koronasituasjonen. No får dei meir tid til elevane sine og andre nødvendige oppgåver, samtidig som barna deira blir tekne vare på. Det er bra, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Utvidinga tyder at barn av lærarar og andre skuletilsette skal få eit tilbod utover vanleg opningstid.