Kvinner i fengsel har ikkje tilbod om open soning på Vestlandet - avdelinga fylt opp av menn

Vestlandet har ikkje lengre nokon opne soningstilbod for kvinner i fengsel. Avdeling D i Bergen fengsel skulle bli kvinneavdeling, men avdelinga blir no fylt med menn.

Sogn og Fjordane tingrett, illustrasjonsfoto.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I april vart det bestemt at avdeling D i Bergen fengsel skulle gjerast om til ei kvinneavdeling, men no har Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) utsett tilbodet og kalla inn fleire mannlege innsette til avdelinga, skriv Bergens Tidende.