- Promillemistenkt hadde barn i bilen

Strynepolitiet har stoppa to bilførarar mistenkte for promillekøyring på to dagar. Den eine var ei kvinne med barn i bilen.

Promille: – To mistenkte for promilelkøyring på to dagar er to for mykje, konstaterer politibetjent Eirik Krossen.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

– Tysdag ettermiddag fekk vi tips om mulig promillekøyring i Stryn sentrum. Ei dame i 40-åra på gjennomreise hadde parkert i Stryn sentrum etter å ha køyrd ein lenger distanse. Ut frå klar mistanke om rus, vart førarkortet inndrege og kvinna vart teken med for blodprøve.

– Vi kontakta barnevernet for å få hjelp til å ta vare på barnet. Det løyste seg ved at barnevernet fann andre familiemedlemmer som kunne hjelpe til, seier politibetjent Eirik Krossen.

Dagen før vart ein utanbygds mann i 20-åra stoppa i ein kontroll i Olden, også han mistenkt for promillekøyring. Mannen vart teken med for blodprøve. Mannen hadde ikkje førarkort.