Har starta opp Grodås Aust-prosjektet:

Utløyser stort bustadfelt i sentrum

Tysdag gjekk startskotet for det kommunale Grodås Aust-prosjektet som utløyser fleire nye bustadtomter på Grodås.
Nyhende

Grodås Aust-prosjektet omhandlar bygging av ca. 500 meter med ny kommunal tilkomstveg og 800 meter med grøfter for nye vatn- og avlaupsrøyr. Også høgspentleidninga som strekk seg over området skal leggast ned i grunnen.