– Må ordne opp i skuleskyssen

Leiar for Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen, Ketil F. Hansen, reagerer på at kommunen ikkje gjer meir for å ordne den uavklarte situasjonen med skuleskyss-mangel. Kommunalsjef Hilde Lødøen held fast på at dette er eit fylkeskommunalt ansvar.

Meiner kommunen må ta ei meir aktiv rolle: Leiar for Kontaktutvalet for Olden og OLdedalen, Ketil Finsås Hansen meiner kommunen ikkje kan vente på at fylkeskommunen ordnar opp, men tek tak i skuleskyssutfordringane sjølve. Arkivfoto: Privat 

Nyhende

– Er det verkeleg slik at Stryn kommune skal vente på fylkeskommunen for å få elevane på den kommunale skulen, spør Hansen. Han meiner kommunen må ordne opp på vegner av innbyggjarane og heller be om refusjon for auka kostnader.