Skuleskyss-utfordringar:

– Vi er svært leie for situasjonen og forstår frustrasjonen

Det seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør for Skyss/Kringom i fylket.

Bussutfordringar: Vestland fylkeskommune er ansvarlege for skuleskyssen. Dei seier det er svært avgrensa kva dei får gjort med kapasiteten før sommarferien.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Med avstandskrava som gjeld kan vi berre frakte halvparten så mange som vanleg på kvar buss. Det kan verke som ei enkel løysing å setje inn ekstrabussar eller å skreddarsy tilbodet med lokale tilpassingar, men i heile Vestland har Skyss/Kringom ansvar for skuleskyss for om lag 27.000 elevar på over 450 skular. Normalt bruker vi eit halvt år på å planleggje skuletransporten, mellom anna på grunn av endringsfristar i kontraktane, innkjøp av bussar og planlegging av skift og turnusar. Det er difor avgrensa kva vi kan få til på dei få vekene som no er att av skuleåret, seier Sønstabø til Fjordingen.