Klare for ein sommar med bryllaup og dåp:

Dåp i eigne gudstenester

Mange har sett dåp og bryllaup på vent i koronaperioden, i håp om «betre tider». Men no ser det ut til å bli ein sommar full av vigsler og dåp i kyrkjene i Stryn. Barnedåp blir no i eigne gudstenester med berre dåpsgjestene til stades.

Travel tid: Kyrkjene i indre Nordfjord ser fram mot ei travel tid med mange bryllaup og barnedåpar. Dåpskjolen til utlån er ny av året, fortel kateket Beate Nes og sokneprest Henny Koppen. 

Nyhende

– Det har nok vore mange som har utsett dåpen, stadfestar sokneprest Henny Koppen og kateket Beate Nes, sistnemnde med ansvar for trusopplæringa.