Fleire med høg fart i Markane

I alt 17 førarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrd for fort på rv 15 gjennom Markane onsdag.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Strynepolitiet skreiv ut eitt forenkla førelegg på 8.500 kroner til ein bilførar som vart målt til ein gjennomsnittsfart på 109 km/t frå Langesethøgda retning Kjøs onsdag kveld. Det er fartsgrense 80 langs heile strekninga farta vart målt.

Tidlegare på dagen hadde UP laserkontroll i 80-sona gjennom Markane. Her vart det skrive ut 16 forenkla førelegg. Høgste målte fart var 101 km/t.