Nordfjord Kjøtt Slakt AS:

Slaktar ca 40.000 dyr i året

Nordfjord Kjøtt Slakt AS slaktar nærare 40.000 dyr i året. Dette utgjer likevel berre ein liten del av totalproduksjonen ved morselskapet Nordfjord Kjøtt.

Nordfjord Kjøtt Slakt: Frå venstre Merete Hammer Bergh som er klassifisør, Anette Sæten på avrekning og Ingvild Nore som jobbar med innmeldingar og transport. Gjennom året vert det slakta storfe, lam og sau, gris, geit og kje ved slakteriet i Loen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Mange tenkjer nok at slakteriet leverer mesteparten av råvarene som vert produsert ved Nordfjord Kjøtt, men slik er det ikkje. Vi jobbar for å få meir slakt til Loen. For faktum er at morbedrifta kjøper inn betydeleg meir frå andre slakteri enn kva vi klarer å levere frå vårt selskap, seier Ingvild Nore og Anette Sæten i Nordfjord Kjøtt Slakt AS.