Glade for å opne att i nyoppussa lokale

Stryn bibliotek opna dørene att med avgrensa tilbod og nyoppussa lokale måndag.

Nytt lokalhistorisk rom: Biblioteksjef Kristin Hatledal er veldig fornøgd det nye lokalhistoriske rommet, med mikrofilm-maskin, lokale bøker, boksamling og gamle bilde. Rommet er kombinert med litt færre lesesal-plassar. – Dette er favorittrommet mitt, og noko vi har ønskt oss lenge, seier ho. 

Nyhende

– Vi har sakna alle som brukar biblioteket, og synest det er kjekt å få opne. Sjølv om det berre er litt, med strengare reglar og kortare opningstider, seier biblioteksjef Kristin Hatledal. Første opningsdag var det få folk om morgonen, men Gerd Skarstein var første person innom.