Rask løysing i jakta på Rally Monte Carlo-bilen frå 1932

Det skulle vise seg å bli ei rask løysing på jakta etter den «etterlyste» Essex-en som deltok i Rally Monte Carlo i 1932.

90 år: Essex-en, ein Super six 1930-modell, som vart nytta i Rallye Monte Carlo i 1932 av distriktslege Birger Wexelsen-Freihow, står i dag parkert i Oppstryn. - Den er for augneblinken ute og "luftar seg litt", sidan vi byggjer ny garasje, opplyser Tor Kristian Sandvik. Det er han og andre barnebarn av Kolbjørn Sandvik som i dag disponerer bilen.  Foto: Privat

Nyhende

Etter det Fjordingen får opplyst står bilen i dag parkert i Oppstryn. Det viser seg også at Fjordingen hadde bilde på trykk av bilen i 2014. Dette i samband med ei utstilling som Stryn Motorhistoriske hadde i dei tidlegare lokala til Vest Buss.