2,5 mill. i tilskot i staden for lån

Kommunestyret gjorde rentefritt lån om til tilskot.

No eller aldri: Sven Flo (H) meiner ein må sikre at bygdebokprosjektet blir landa på ein god måte, etter mange år med uvisse. Her saman med deler av Høgre-gruppa i Stryn kommunestyre som saman med Sp og KrF fremja forslaget om at lånet vart gjort om til eit tilskot. 

Nyhende

I samband med budsjetthandsaminga i desember 2019 vart det vedteke å gje bygdebokprosjektet, Strynesoga, eit rentefritt lån på 2,5 mill. Torsdag handsama kommunestyret ein ny søknad frå Stryn Historielag der det vart søkt om at det rentefrie lånet vart gjort om til eit tilskot i staden, og der dei ber om at midlane vert utbetalt med kr 400.000 i 2020, kr 800.000 i 2021, kr 800.000 i 2022, kr 500.000 i 2023.