Håpar å halde garden med solcelle-straum i sommarhalvåret

Anders-Magne Bergset har installert 28 panel med solceller på bustadhuset på Fjelli. Planen er at to bustadhus og ein fjøs skal vere sjølvforsynt med straum i sommarhalvåret.

Solcellepioner: Anders-Magne Bergset framfor bustadhuset på Fjelli i Stryn der han har montert solcelleanlegget. – Eg veit om nokon i Loen som har solcelleanlegg på privathus. Elles kjenner eg ikkje til andre her i området som har slikt anlegg. Eg opplever stor interesse for prosjektet lokalt, seier han.  Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Nyhende

– Eg hadde lest om solceller og var nysgjerrig. I samband med at vi renoverer huset, hadde eg lyst å prøve. Eg tok kontakt med elektrofirmaet Seas i Stryn for å høyre om dette var noko dei dreiv med. Det viste seg at dei ikkje hadde levert slike anlegg tidlegare, men dei ville gjerne vere med på prosjektet for å prøve ut teknologien. Sidan har vi samarbeidd.