Vanskeleg for ekspressrutene

90 prosent: Ekspressruteselskapa har mista opp mot 90 prosent av kundegrunnlaget.  Foto: Gunnhild Sindre (illustrasjon)

Nyhende

Ekspressruteselskap varslar store utfordringar og moglege konkursar i bransjen om det ikkje blir delt ut krisepakke.

Selskapa har mista opp mot 90 prosent av kundegrunnlaget etter koronautbrotet.

I distriktet rundt om i landet er gjerne ekspressbussen einaste alternativ til personbil. Den nasjonale dugnaden for å halde seg heime har gjort at kundegrunnlaget til ekspressrutene ikkje lenger er der, skriv NRK.

Sjølv om reiseforbod no er heva og det er mogleg å bevege seg meir, opplever busselskapa at smittekrava gjer det ulønsamt å starte opp igjen rutene.

Regjeringa svarar NRK at dei ikkje kan gi næringa noko løfte no, men vil sjå på behovet fram mot sommaren. (NPK)