Dagsturhytta i Stryn kan opne att

Dagsturhytta i Kloppemyra i Stryn blir opna att for publikum laurdag 30.mai.

Den populære dagsturhytta i Kloppemyra har vore stengt lenge på grunn av smittevern-reglar, men kan opne att i morgon.  Foto: INT

Nyhende

Denne veka kom det grønt lys frå kommunen om at turlaget kunne gjere klar hytta til bruk att.

Det populære turmålet har vore koronastengt sidan landet stengde ned i midten av mars. Turlaget er no glade for å endeleg kan tilby turgåarar tak over hovudet når dei går forbi. Til stor glede for særleg barnehagar og skular som er mykje på tur i området for tida.

Smittevernreglar vil bli opphengt, og antibac er sett ut både i hytta og på utedoen.

– Vi prøver å oppfordre folk til å ta omsyn til smittevernreglane, og ikkje minst ta med seg bosset sitt heim. Ei oppmoding no i desse koronatider. Vi ønskjer ikkje å plukke rusk etter folk, seier leiar i Indre Nordfjord Turlag, Olav Auflem.

Han legg til at folk har lov å bruke grillen, men må ikkje gå ifrå denne med full eld i. Ved skal kome på plass.