Stryn Turn og Idrettslag:

Tre ungdomar tildelt stimulansepokal

Tre ungdomar fekk tildelt stimulansepokal på årsmøtet til Stryn Turn og Idrettslag tysdag kveld.

Stimulansepokal: Stryn Turn & Idrettslag delte ut stimulansepokalar til Johannes Konstali-Lødemel, Fride Nesje og Malin Eikenes Tjellaug.  Foto: stryn turn og idrettslag/fotomontasje

Nyhende

Fride Nesje (17)

Fride Nesje fekk stimulansepokal for sin innsats innan turn. Ho har i mange år vore ein aktiv turnar, og mellom anna delteke på fleire turnstemne og krinsmeisterskap.

– For fleire år sidan vart Fride spurd om å vere instruktør for yngre turnparti for Stryn Turn, noko ho takka ja til og kursa seg i dette. I Stryn Turn såg vi tidleg at ho er flink med born og har dei rette haldningane som skal til å vere ein dyktig instruktør. Ho har vore instruktør i mange år no og er på tre-fire treningar i veka som trenar ved sidan av sine eigne turntreningar, står det mellom anna i grunngjevinga.

Johannes Konstali-Lødemel (15)

Johannes Konstali-Lødemel har utmerka seg i fleire idrettar.

– Johannes er eit stort talent i fleire ulike idrettar, deriblant fotball. Han har spelt på aldersbestemte lag i Stryn gjennom heile oppveksten og i år trenar og spelar han både med G15/17 og seniorgruppa til Stryn. Han har spelt på NFF Sogn og Fjordane sine kretslag sidan han var 13 år og i februar 2020 vart han teken ut til NFF Equinor Talentleir i lag med 50 av dei største fotball-talenta i landet frå 2005-kullet. Johannes er også eit stort friidrettstalent, og hadde i 2019 sterke resultat under Världsungdomsspelen i Gøteborg med 1. plass på 800 meter og 2. plass på 300 meter i 14-års klassa. Johannes er ein allsidig idrettsutøver som trener mykje og oppnår sterke resultat både i fotball og friidrett! Han er eit godt forbilde for born og ungdom i Stryn, heiter det blant anna i grunngjevinga.

Malin Eikenes Tjellaug (15)

Også Malin Eikenes Tjellaug er aktiv i fleire idrettar.

– Malin har i alle år vist seg som ein treningsvillig og talentfull fotballspelar. I 2020 vil ho være aktuell for spel på både på J16 og Stryn sitt damelag. Etter å ha vore fast inventar på NFF Sogn og Fjordane sine kretslag sidan ho var 13 år, tok ho i 2019 fotballkarriera eit steg vidare. I mars 2019 vart ho av Norges Fotballforbund teken ut til Equinor Talentleir i Sarpsborg som samlar dei 40 største fotballtalenta i landet! Her gjorde ho eit så godt inntrykk at ho også vart kalla inn til samlinga i juni 2019 og i februar 2020 og ho er no i diskusjonen om landslagsplass J15. I tillegg til å være i landstoppen i fotball er ho også ein talentfull handballspelar i Stryn. Malin er ei positiv jente og eit godt forbilde for born og ungdom i Stryn, står det mellom anna i grunngjevinga.