Overnatta i telt under Napefonna:

– Vi hadde englevakt

Viktoria Nielsen og ei venninne overnatta i telt i idylliske omgjevnadar på Skåre natt til måndag. Klokka 12 pakka dei ned teltet og reiste. Ein time seinare kom Napefonna dundrande ned der teltet hadde stått.

Ein time unna tragedie: Her telta og overnatta Viktoria Nielsen og ein ven natt til måndag 1 juni. Dei reiser frå staden kl. 12 og kl. 13. 02 same dag dundrar Napefonna ned i dette området.  Foto: Privat

Nyhende

Viktoria Nielsen (35) frå Fornebu var på ferietur i Stryn saman med ei venninne pinsehelga. Etter ei rundreise i kommunen og besøk i Via Ferrata, reiste dei austover søndag kveld. Då dei var kome til Skåre køyrde dei inn ved rasteplassen der.