Sven Flo (57):

– Eg har blitt eit politisk vesen

Stryn sin tidlegare ordførar gjennom åtte år vil inn på Stortinget, for major Flo kjenner seg ikkje ferdig med politikken.

Sivile ambisjonar: Sven Flo (57) er i dag major og prosjektoffiser i cyberforsvaret ved Haakpnsvern i Bergen, men legg ikkje skjul på sine politiske ambisjonar. Åtte år i ordførarstolen i Stryn gav Flo politisk meirsmak.   Foto: Privat

Nyhende

I dag er Sven Flo prosjektoffiser i cyberforsvaret ved Haakonsvern i Bergen. Han er klar på at han trivst med det, men legg ikkje skjul på at han er veldig klar for å byte ut majorgraden og kongens klede med dressen og meir politisk arbeid. Han er no Høgre i Sogn og Fjordane sin kandidat etter anmoding frå partiet si nominasjonsnemnd. Bakgrunnen er at Frida Melvær ikkje tek attval på Stortinget.