Kretsligaen:

Stryn serieopnar heime mot Bremanger

Bremanger blir første motstandar for Stryn når Kretsligaen kjem i gang igjen i midten av august.

Heime: Johannes Garlid Tenden og Stryn både startar og avsluttar med heimekamp.   Foto: sigrid heggestad

Nyhende

Bremanger gjestar Stryn stadion laurdag 15. august i det som blir Øystein Hesjedal sin første offisielle kamp som trenar for raudtrøyene.

Storkamp 12. september

Første bortekamp for Øystein Hesjedal sitt mannskap blir mot nyopprykka Jølster laurdag 22. august.

Sognelaga Kaupanger og Høyang kjem til Stryn høvesvis laurdag 29. august og laurdag 5. september før det blir storkamp borte mot avdelingsfavoritten Førde laurdag den 12. september.



Avsluttar heime

Stryn avsluttar seriespelet med heimekamp mot Førde laurdag den 17. oktober.

Om Stryn skulle vinne si avdeling blir det dobbeltkampar (heime/borte) mot vinnaren av den andre avdelinga. Vinnaren av desse kampane rykker opp til 3. divisjon. Desse kampane er terminfesta til laurdag 24. og laurdag 31. oktober.

I den andre avdelinga spelar Eid, Måløy, Studentspretten, Syril, Dale og Vik.