Ny norsk bestenotering av Steffen

Steffen Melheim frå Olden IL viste gryande form i eit kaststemne på Loggane i Gloppen søndag.

Solid: Steffen Melheim frå Olden IL viste gryande form i eit kaststemne på Loggane i Gloppen.  Foto: roy aron myklebust (arkiv)

Nyhende

Under nokså ugunstige tilhøve sette han norsk bestenotering i klasse 17 år med 1,75 kg-diskos med 53,12 meter.

Også med diskosen på 1,5 kg kasta han langt, og diskosen landa på 60,49 meter, noko som er klar ny krinsrekord for klasse 17 år i Sogn og Fjordane.

Norgesrekorden er på 62,89 meter, og med gunstige vindforhold vil ny rekord vere innanfor rekkevidde for kast- talentet frå Olden, som har fått ein god start på sesongen.

Junior-NM og UM

Etter at junior-NM og UM vart avlyst tidlegare i år ser det likevel ut til at desse kan gjennomførast, sjølv om det vil bli i ei avgrensa form. Ifølgje Norges Friidrettsforbund vil Kristiansand arrangere junior-NM i avgrensa form, medan ein er i dialog med fleire aktuelle arrangørar av UM, og friidrettsforbundet håpar at detaljane fell på plass innan kort tid.

– NFIF og arrangørane kjem tilbake med ytterlegare informasjon og andre nødvendige tilpassingar så snart det er klart, opplyser forbundet.