5 millionar i spelemidlar til Stryn

Olden: 504.000 kr i spelemidlar til arenabygg i Olden. F.v. Hans Petter Galtung, Per Muri (leiar i byggekomiteen), Leif Arne Egset og Roger Viem (leiar i Olden IL) framfor bygget i fjor då det var under oppføring.  Foto: thomas thaule (arkiv)

Nyhende

Lag og organisasjonar i Stryn kommune får nær fem millionar i spelemidlar. Totalt er det tildelt 19 millionar i spelemidlar i Nordfjord.

– Det er gledeleg å sjå så mange gode søknader om spelemidlar til idrett og friluftsliv frå kommunane i Nordfjord, som gjer at det no blir løyvd heile 19 millionar kroner til utbygging av nye anlegg i Nordfjord. Det betyr mykje for trivsel og folkehelse, og vitnar om imponerande dugnadsånd og godt samspel mellom frivilligheit og kommunar, seier Alfred Bjørlo (V), nestleiar i Hovudutval Kultur i Vestland og ordførar i Stad kommune.

Ordinære anlegg:

Olden IL klubbhus, 504.000 kr

Arena Stryn, 3.800.000 kr

Hardbagg IL Ålandsleite 80.000 kr

Skytebane Avleiåsen, 310.000 kr.

Nærmiljøanlegg:

Kunstgras på ballplass, Veten 300.000 kr

Til saman: 4.994.000 kr