Blinkfestival utan publikum på tribunane

Blinkfestivalen i Sandnes kjem til å gå av stabelen i starten av august, trass i at arrangøren stengjer tribunane for publikum.

Blinkfestivalen: Tarjei Bø deltok på Blinkfestivalen i fjor. Her frå løpet Lysebotn Opp.  Foto: svein halvor moe

Nyhende

Arrangørane bak den populære rulleskifesten i Sandnes skal gje både langrenns- og skiskyttar-eliten tøffe konkurransar, trass virusrestriksjonar som følgje av korona.

– Vi skal gjennomføre årets festival på ein trygg og sikker måte, samtidig som vi leverer masse spenning og action til tv-sjåarane. Det blir lagt opp til konkurransar med god avstand, og vi følgjer myndigheitene sine smittevernråd, seier Odd Langhelle, dagleg leiar i Blink.

Elite- og rekruttlandslaga frå Norges Skiforbund og Norges Skiskyttarforbund stiller til start. Dersom retningslinjene frå myndigheitene skulle bli endra, vil ein sjå på muligheita for å opne for fleire deltakarar.

Først på programmet står Lysebotn Opp torsdag 6. august. Fredag og laurdag blir det langrenn og skiskyting frå Sandnes før det blir 12 timars langløp frå Gjesdal søndag, opplyser skiksyttarforbundet på si heimeside.