Deltek i Boysen Memorial

Steffen Melheim frå Olden skal delta i friidrettsstemnet Boysen Memorial på Bislett i slutten av denne månaden.

Bislett: Steffen Melheim, Olden IL, skal delta i Boysen Memorial på Bislett 30. juni.  Foto: rune helle/vestpress (arkiv)

Nyhende

Boysen Memorial er eit seniorstemne der Melheim skal kaste diskos. Normalt kastar han diskos på 1,5 og 1,75 kilo, men i dette stemnet skal han kaste med tokilos-diskos, noko som er 0,5 kilo over det som er vanleg for ein 17-åring. Stemnet går av stabelen 30. juni.

To dagar før stemnet på Bislett skal Melheim delta i eit kaststemne på Loggane i Gloppen, opplyser Olden friidrett på si Facebookside.

Elles er det klart at årets UM i friidrett (ungdomsmeisterskap) blir arrangert på Jessheim 28.–30. august med Ull/Kisa som arrangør. Dette meisterskapet blir avgrensa til klassane 15, 16 og 17 år, opplyser friidrettsforbundet på sine heimesider.

Junior-NM i friidrett vil bli arrangert i Kristiansand 14.–16. august, men i avgrensa form. Det inneber at dette meisterskapet blir for klassane U20 og U23. U20 blir for klassane 18 og 19 år, og U23 for klassane frå og med 20 til og med 22 år (ordinært).