3. divisjon fotball damer:

Stryn-Måløy i første kamp

Meir jubel? Stryn sitt damelag skal prøve å følgje opp den gode fjorårssesongen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

3. divisjon i fotball for damer startar i august. Stryn har fått heimekamp i første serierunde, medan Hornindal får ein tøff bortekamp mot Sandane.

Stryn vann divisjonen førre sesong, og spelte kvalikkampar til divisjonen over. Der tapte Stryn den avgjerande kampen på overtid.

Trenar Are Njøten sitt lag sesongopnar heime mot Måløy 16. august, medan Hornindal tek turen til Sandane, eit lag som kjempa i toppen sist sesong.

To avdelingar

Grunna situasjonen rundt koronaen er 3. divisjon delt inn i to avdelingar. Stryn og Hornindal er plassert i avdeling 2 saman med Førde, Måløy, Sandane og Selje/Åheim. Det vil bli spelt dobbel serie, med påfølgjande sluttspel- og plasseringskampar.

Lokaloppgjer

Allereie i andre serierunde er det duka for lokaloppgjer mellom Hornindal og Stryn i Hornindal. 27. september møtest laga igjen på Stryn stadion.