Hanne Martine (23) er oppteken av si eiga dialekt:

Sel populære dialektkort

Med fargerike dialektkort har Hanne Martine Bø Hunvik (23) funne sin eigen nisje. Til butikken Fiolen kjem folk for å kjøpe kort til nokon som er «finaste tausa» eller «kjekkaste strikjen», eller kanskje «den løgnaste eg veit» eller ikkje «ha fallert deslag».

Kjekt: – Eg har alltid vore oppteken av at vi må ta vare på den flotte dialekta vår. Då er det kjekt at folk likar dialektkorta mine, seier Hanne Martine Bø Hunvik. 

Nyhende

– Eg har alltid vore oppteken av dialekt. Men då eg flytta vekk frå Stryn, vart eg nok særleg merksam på å ta vare på den flotte dialekta vi har, seier Hanne Martine Bø Hunvik.