Tørrkoking førte til brann i Hornindal

Hornindal brann og redning.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Rask uttrykking hindra større skadeomfang då det tok til å brenne på kjøkkenet i ein bustad på Grodås midt på dagen måndag.

– Tørrkoking antente ein eggkartong ved sidan av komfyren samt rista frå ventilatoren over. Då vi kom var det opne flammar, men brannen vart raskt sløkt, seier Ståle Hatlelid i Hornindal brann og redning. Huset vart ventilert og personen i huset sendt til legevakt for sjekk.

–Med unntak av røyk som vil sitje i ei stund og skade på komfyren og ventilatoren, klarte vi å forhindre meir skade i bustaden, seier Hatlelid.

Både brann, politi og ambulanse rykte ut til staden.