Flotunnelen inne i sine siste tusen meter

Flotunnelen: Fram til gjennomslag blir all tunneldriving i Flotunnelen frå Veslebygda.  Foto: Kai-Henry Haugen

Nyhende

Utfordringane med vassårer i fjellet er over for denne gong, og inndrifta i Flotunnelen går no radig. Området utanfor tunnelpåhogget på Flo er på god veg til å bli stelt til, og tilbakeført til jordbruksmark skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Med ei inndrift på 50-85 meter i veka, reknar entreprenør med gjennomslag i oktober.

Flotunnelen: Tunnelriggen er no flytta vekk frå Flo. Det blir dermed ikkje meir driving eller utlasting av stein frå denne sida.  Foto: Statens vegvesen

Tunnelriggen på Flo skal flyttast, slik at det ikkje lengre er driving av tunnel på denne sida. Fram til gjennomslag blir all tunneldrift og uttransport av stein frå Veslebygda.

– Vi er no ferdige med utbetringa av vegen mellom Veslebygda og Storesunde. Det blir ikkje fleire stengingar før ny og gamal veg skal koplast saman ved påhogget til den nye tunnelen, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Vass- og frostsikring

I Blaksettunnelen er det mest arbeid inne i tunnelen. Platene som skal dekke tunnelveggar og tunnelheng, og som leie vekk vatn og hindre frost, er komne opp, og desse vert no dekka med betong for å gjere det brannsikkert.

– Arbeidet med å montere tunnelportalen er ferdig på vestsida, og snart startar arbeidet på eksisterande veg. Her skal vegbana hevast, og få ny pukk og asfalt. I samband med dette arbeidet kan det bli nokre stengingar og omlegging av trafikken, dette vil vi varsle via SMS, seier Tytingvåg.

Blaksettunnelen med tunnelopning frå Robjørgane.  Foto: Kai-Henry Haugen

Det er også starta opp litt mindre utbetringar for å reparere skader som anleggstrafikken har påført vegen og grøftene frå Sætren til anlegget på Robjørgane.

Etter sommarferien startar elektroarbeid i Blaksettunnelen. Dette vil gå heilt fram til tunnelen står ferdig neste år.
Siste frist for ferdigstilling av Blaksettunnelen er 15. juni 2021, men sannsynlegvis vert den ferdig før.