LEIAR:

Kostbar flaum

Skjolden, der Stryneelva snevrar seg inn og fungerer som ei demning når elva går flaumstor.  Foto: Privat

Skal ein klare å redusere flaum-skadane i Oppstrynsvatnet og Stryneelva, må det store tiltak til

Nyhende

Store mengder snø i fjellet kombinert med høge temperaturar har sett alvorleg fart på snøsmeltinga. Det går kraftig ut over dei som bur og driv næring nedanfor fjellet. Oppstrynsvatnet går over breiddene sine, med den konsekvens at campingplassane både på Grande og Kleivenes slit med å halde vatnet unna. På Kleivenes har pumpene gått dag og natt i fleire døgn, for å halde vatnet unna sjølve campingpassen. Dei som driv campingen og gjestene der byter på å gå nattevalt for å fylle bensin på aggregata. Likevel står fleire av hyttene langs innkøyringa til campingen med vatn godt opp på veggane. På Grande camping stod campingvogner og plattingar som øyer i vatnet i helga. Der har dei ikkje anna å gjere enn å vente.