- Trist sak som vitnar om dårleg dømmekraft:

Politibetjent sikta for promillekøyring

Ein politibetjent tilsett i Sogn og Fjordane er sikta for promillekøyring etter ei utforkøyring natt til laurdag. To andre tilsette i politiet skal ha vore med då privatbilen køyrde av vegen.

Trist sak: - Uansett utfall av etterforskinga, er dette ei uheldig og trist sak, seier Arne Johannessen, driftseiningsleiar for Sogn og Fjordane i Politiet Vest  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Arne Johannessen, leiar for geografisk driftseining Sogn og Fjordane, seier det er ei svært kjedeleg sak som kollegaene i Sogn og Fjordane kjenner på.

- Politibetjenten er sikta for promillekøyring og for ikkje å ha varsla politiet etter ei utforkøyring med bil natt til laurdag. Utforkøyringa skjedde i Sogn og Fjordane, og det var to personar i bilen. Også dei to er tilsette i politiet, opplyser Johannessen.

Han poengterer at utforkøyringa skjedde på ein privat tur i privat bil. Ingen vart skadde i utforkøyringa.

- Politiet blei varsla om utforkøyringa neste dag. Ein patrulje frå Møre og Romsdal politidistrikt kom laurdag til staden for å gjennomføre avhøyr med dei involverte og ta promilleprøve av bilføraren. Saka blir no sendt Møre og Romsdal politidistrikt for vidare etterforsking. Det er førebels for tidleg å seie noko om kva som har skjedd. Føraren av bilen har status som sikta og vedkommande er suspendert inntil vidare frå sin jobb i politiet. Dei to passasjerane har status som mistenkte, opplyser Johannessen.

Av omsyn til personvernet til dei tilsette vil politiet ikkje gå ut med detaljer om kvar ulukka skjedde eller kven dei involverte er.

- Uansett kva som vert utfallet av etterforskinga, er dette ei uheldig og trist sak som vitnar om dårleg dømmekraft frå dei tilsette, seier politileiar i Sogn og Fjordane Arne Johannessen.