Sjåfør kunne ikkje betale, fekk hjullås på køyretøyet

Hjullås:   Foto: Statens vegvesen

Nyhende

I ein kontroll ved Kjøs bru vart eit utenlandsk vogntog stoppa med 2.400 kg for høg aksellast på semitraileren. For dette må firmaet betale 7.400 kroner i gebyr. Sjåføren hadde ikkje mulegheit til å betale på staden, og det vart difor sett hjullås på køyretøyet til gebyret er betalt, melder Statens vegvesen.

I same kontrollen måtte ein sjåfør sette igjen ei gravemaskin då køyretøyet han nytta ikkje var eigna for slik transport. Maskina kunne ikkje sikrast i henhold til gjeldande krav, og var heller ikkje innafor dei gjeldande krav til vekter og dimensjonar. Det vart difor utferda bruksforbod for transporten, og maskina må transporterast vidare på eigna kjøyretøy.

Vidare måtte ein bilførar rydde frontruta si før han fekk forlate kontrollplassen. Lastebilen var utstyrt med eit bord på dashbordet, noko som ikkje er lovleg. Sjåføren måtte såleis fjerne bordet.

Statens vegvesen har også hatt tungbilkontroll på fv 60 over Utvikfjellet. Ein førar vart meld etter å ha bli stoppa med for langt vogntog tre gonger. To førarar måtte korte inn vogntoga før vidare køyring, og det vart skrive ut to mangellappar på lys, skilt og sprekk i frontrute.