Føler seg diskriminert av Stryn kommune:

Tilkallingsvikar i sju månader, utan eitt einaste oppdrag

Tidlegare kommunalt tilsett reinhaldar, Eldrun Drageset, har bede Diskrimineringsnemnda sjå på saka hennar, der ho føler seg urettvist behandla fordi ho ikkje får oppdrag som tilkallingsvikar.

Urettvist behandla: Eldrun Drageset jobba fram til i fjor som reinhaldar i kommunen. Då vart ho 67 år og måtte slutte sjølv om ho ønska å halde fram. Tilbodet om å halde fram som tilkallingsvikar har resultert i null førespurnader så langt.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

På sju månader har eg enno ikkje fått ein einaste førespurnad

Nyhende

Det starta med at Drageset måtte slutte i jobben som reinhaldar då ho vart 67 år. Den alminnelege aldersgrensa i KS tariffområde er 70 år, men det er vedteke særaldersgrense for stillingar der tenesta medfører uvanleg fysisk og/eller psykisk belastning på arbeidstakaren eller stiller særskilde krav til eigenskapar. Dette gjeld i tillegg til reinhaldarar også sjuke-, verne- og hjelpepleiarar. Særaldersgrensa er 65 år, men med opning for å halde fram til ein er 67 dersom ein ikkje har full opptening.