Fryktar fleire bussulukker

Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK   Foto: Vidar Ruud

Nyhende

Fagforeininga til bussjåførane fryktar at billegare bussar blir prioritert framfor sikre bussar. Vegvesenet vil no vurdere strengare nasjonale krav.

Etter at ein 59 år gammal bussjåfør og ein 19 år gammal førar av ein personbil omkom etter ein kollisjon på Sørås i Bergen tysdag førre veke, har det kome spørsmål rundt tryggleiken for bussjåførar, skriv NRK.

– Ein bør leggje til grunn det tryggaste materiellet som finst. Kan ein unngå gambling med tryggleiken for å få anboda billigast mogleg, er det det vi skal gjere, seier Dag-Einar Sivertsen, forbundssekretær i Fellesforbundet.

Fellesforbundet ønskjer også at bussjåførane skal ha meir å seie tidleg i anbodsprosessen.

I ein e-post til NRK skriv samferdsleministeren at Vegvesenet utan hell har prøvd å ta initiativ til at dei internasjonale reglane skulle bli strengare.

No i år vil Vegvesenet vurdere strengare nasjonale krav til vern av førar.

(©NPK)