Inspiserte bilen som bestefaren deltok med i Rally Monte Carlo:

Gjensyn med historisk bil

Jon Brodwall (72) tok sist veke turen til Stryn for å sjå nærare på bilen som morfaren og distrikts- legen Birger Wexelsen-Freihow deltok med i Rally Monte Carlo i 1932.

Bil i blomstereng: Jon Brodwall ved den gamle Essex Super Six, bilen som morfaren og tidlegare distrikslege, Birger Wexelsen-Freihow, køyrde Rally Monte Carlo med i 1932.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Dette var tredje gong Brodwall såg den segnomsuste 90 år gamle Essex-en. Første gong var som 16-17-åring, og sist gong var for truleg meir enn 20 år sidan. Men dei siste åra har interessa for bilen og bestefaren blitt større som følgje av arbeid med slektshistoria.