Olden:

Mann i 30-åra mista førarkortet i laserkontroll

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Utrykningspolitiet har hatt laserkontroll i 60-sona på fv 60 i Olden onsdag.

Politiet skreiv ut 32 forenkla førelegg for fart, der høgste målte fart var 82 km/t.

Ein mann i 30-åra frå Austlandet vart meld og mista førarkortet då han hadde for mange prikkar. Farten til vedkomande vart målt til 78 km/t.