Solceller i alle hyttene

Alle dagsturhyttene i Vestland fylkeskommune, både dei som skal byggast og dei som alt er tekne i bruk, skal bli utstyrte med solcellepanel.

Solcellegåve: Ved hytta i Førde, f.v. prosj.leiar Atle Skrede, Solfrid Trå og Hilde Bjørkum frå Sunnfjord kommune, fylkesordførar Jon Askeland, Rune Indrøy og Jannicke Hilland frå BKK. Foto: Stig R.Eide 

Nyhende

– Dagsturhyttene er i tillegg til nynorsk språk, den felles identitetsmarkøren som det nye fylket kan samle seg rundt, når det no vert etablert dagsturhytter i alle kommunane i Vestland. Det nynorske turbiblioteket i hyttene stimulerer til både leseglede og turglede, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

Leselys

Kraftselskapet BKK fyller 100 år i år, og bidraget til solcellepanel er ei jubileumsgåve til folket.

Bøker: Bøker til det nynorske turbiblioteket på veg til dagsturhytta i Stryn.  Foto: Stryn Bibliotek

Dei 26 dagsturhyttene i tidlegare Sogn og Fjordane er utstyrt med eit nynorsk turbibliotek med særleg fokus på borna.

Dagsturhyttene er eit lågterskeltilbod for alle, eit turmål i nærmiljøet, ein stad å ete nista. 19 av dei 26 hyttene i tidlegare Sogn og Fjordane har allereie installert solcellepanel. Pengane frå BKK vil der gå til andre tiltak ved og rundt hyttene, opplyser fylkeskommunen.