Badetemperatur på 20 grader allereie:

Stor aktivitet på Hornindalsvatnet

Sola har varma opp Hornindalvatnet og gitt badetemperaturar på 20 grader allereie i juni

Badeliv: Hornindalsvatnet er eit ynda mål for bading og soling på fine dagar. Heile strekninga frå kaia til badestranda er populært når sola skin og gradestokken kryp godt oppover.  Foto: Bengt Flaten

Utlån av kano: Hornindal frivilligsentral låner ut kano og kajakk til dei som vil kose seg på Hornindalsvatnet. Kristine Sofie Orheim Hansen med sønene Kenan Eliah (framme) og Aron Livander.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Hornindalsvatnet er attraktivt for fastbuande og ein attraktiv stopp for tilreisande, anten ein vil bade, drive vassaktivitetar eller berre sole seg. Heile området frå kaia til badestranda nedanfor Grobygget og Groparken har fått namnet Laurapromenaden, og er fritt tilgjengeleg for alle. Langs heile ruta har eldsjelene i Hornindal næringslag planta blomar og gjort sentrum triveleg. I tillegg har Havila Raftevold Hotel opparbeidd heilt ny hage og uteanlegg, for både buande og bygdefolk.

Kano og kajakk for utlån

– Vi er heldige som har Europas djupaste og kanskje klåraste innsjø i nærområdet vårt, seier Kristine Sofie Orheim Hansen. Ho er dagleg leiar i Hornindal Frivilligsentral og ein av dei mange eldsjelene som står på for at andre skal få gode opplevingar. Engasjementet hennar for utvikling av Grobygget og Groparken passar sånn sett som hand i hanske, for fleire av frivilligsentralen sine aktivitetar og tilbod har utgangspunkt nettopp her.

– Vi har ein utlånsbank som ikkje er heilt offisielt opna enno, men vi tjuvstarta i fjor med utlån av kano og kajakk. Det vil vi gjere også i sommar. Vi har tre kajakkar og to kanoar for utlån, fortel Orheim Hansen. Som eit ledd i smittevernarbeidet vil ho innføre to døgn karantene før utstyret vert lånt ut til neste brukar.

Groparken er ikkje berre ynda stad for piknikk og badeliv. Kvar onsdag til ut august inviterer frivilligsentralen til bocchia i Groparken. Og 3. juli er det klart for vassaktivitetsdag for barnefamiliar.

– Frivilligsentralane i Volda kommune og Røde Kors er arrangørar og inviterer til fisking, båttur på vatnet, vasscooter og tube. Vidare padling med kano, kajakk og gummibåtar. Det vert leikar i parken og Bygdekvinnelaget i Hornindal stiller opp og serverer mat, fortel Orheim Hansen.

6. og 9. juli inviterer Norunn Helene Holmøy Wang til LandArt kurs med påfølgjande aktivitet ute. – Dette er kunst du lagar ute, av det materialet du finn. Så går alt tilbake til naturen etterpå.