Svormuseet i Hornindal opnar 27. juni

Anders Svor museum i Hornindal: Museet vert ope i sommar, men redusert i forhold til kva som var opprinneleg mål.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Anders Svor kunstmuseum i Hornindal opnar 27. juni og held ope til midten av august.

Koronasituasjonen og anstrengt økonomi gjer at tilbodet vert betydeleg redusert i forhold til kva dei nye eigarane Musea på Sunnmøre hadde ønskt.

– Det blir ope berre torsdagar til søndagar. Og slik situasjonen ser ut no, vil museet stå som det er. Vi hadde tenkt å endre litt på utstillinga, flytte rundt, få fram ting på nye måtar, men det må vente, seier Gro Kraft i Musea på Sunnmøre.

Ho fortel at den langsiktig planen er å kople Anders Svor sin kunst saman med annan kunst og gjere om på utstillinga.

– Vi vil trekkje fram ein del verk noko meir, setje kunstnaren Svor inn i samanhengar og knyte han saman med samtidskunst og med andre kunstnarar frå hans eigen periode. Men dette må vi kome tilbake til, seier Kraft.