– Må utvide elveløpet

–Første prioritet for å redusere framtidige flaumskadar må vere å utvide elveløpet.

Vasser i åkeren: Frå venstre gardbrukar Anders Kleppe, ordførar Per Kjøllesdal og leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Onsdag var han og ordførar Per Kjøllesdal på besøk hos Anders Kleppe, ein av gardbrukarane langs Stryneelva som har fått store delar av innmarka si lagt under flaumvatn dei siste par vekene. Flaumtoppen var måndag, og onsdag hadde vatnet trekt seg ein god del tilbake. Likevel stod framleis store delar av Kleppe sine eigne jorder samt leigeareal under vatn.