Laksefisket i Stryneelva, Loelva og Oldeelva:

– Overraskande bra fiske

Trass svært høg og stri vassføring har laksefisket vore overraskande godt, fortel elveeigarar frå både Stryneelva, Loelva og Oldeelva.

Godt fiske: Det har vore svært godt og jamt fiske i Olden hittil i juni. Her har Knut Engene fått ein 10 kilos laks på kroken.  Foto: Privat

Nyhende

Bergensaren Arne Larsen har veksla på å fiske i Stryneelva og Loelva kvart år sidan 1987. I år var ikkje noko unntak. Saman med to andre i Bergen Sportsfiskerlag fiska han i tre døgn i nedste del av elva mot Lobukta.