Strynevassdraget:

– Vil jobbe for flaumdempande kraftverk

Ordførar Per Kjøllesdal vil starte prosessen for å få til flaumdempande kraftutbygging i Strynevassdraget.

Mykje vatn: – Strynevassdraget skaper stadig oftare problem for grunneigarane i form av flaum. Tida er inne til å oppheve vernevedtak basert på dåtidas tenking og teknologi. Vi treng kraftutbyggingsprosjekt som er tilpassa alle interesser, seier Per Kjøllesdal.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Strynevassdraget vart varig verna i 1993, etter at mangeårige forsøk på kraftutbygging av Breheimen og Strynevassdraget var lagt politisk dødt. No tek ordførar Per Kjøllesdal opp saka, med klart mål om å starte ein prosess som skal føre fram til kraftutbygging i Strynevassdraget.