Vy Buss køyrer snart for fullt etter koronastoppen:

Alle bussane Måløy-Oslo i drift igjen

Vy Buss er godt i gang med å få alle bussar på vegen igjen etter koronastoppen. – Alle bussane Måløy-Oslo er i drift. Vi startar også opp ettermiddagsbussen Stryn-Bergen, seier Karin Lunde Vinsrygg, avd.leiar Nordvest i Vy Buss AS.

Køyrer for full: Vy Buss AS køyrer snart for fullt på dei fleste rutene. Mellom anna går alle bussar Måløy-Oslo. Her har det kome føremiddagsbuss i staden for ettermiddagsbuss, fortel avdelingsleiar Nord-Vest hos Vy buss AS, Karin Lunde Vinsrygg. I bakgrunnen ein av dobbeltdekkarane på ruta, og sjåførane Ole Johnny Aasebøstøl og Jostein Nyland. 

Nyhende

– Vi er veldig glade for å kome i gang igjen for fullt. Vi har merka det på publikum at dei har sakna busstilboda. Mange lokale har buss som sitt faste transportmiddel, seier Vinsrygg.